Tilbake
Vigdis Nilelsen

Les for livet

Les for livet er ei teaterframsyning som løfter fram aktuell litteratur for barn og unge på nynorsk, og målet er å gje elevane leselyst. Les for livet er ei intenst spanande science fiction-forteljing der klima, venskap, samarbeid og kjensler er stikkord.  

To framtidsmenneske er fanga i romsonden Littera, og berre litteraturen kan redde dei!
For mange tusen år sidan måtte menneskaflykte frå jorda på grunn av klimaendringar. No er det mogleg å bu på jorda igjen, men før dei får lov til å vende tilbake, må dei løyse et livsviktig oppdrag.
Då menneska mista heimen sin på jorda, mista dei og kontakt med kjenslene sine. Dei kjenner ikkje sorg meir, har gløymt korleis det er å vere forelska, dei veilt ikkje ein gong kva venskap er. Dette må dei lære seg på mytt. Kjenslene er å finne i litteraturen. Men, dei har dårleg tid!

I romsonden er det ein tidskapsel frå 2018. I den  ligg det seks utvalde barne- og ungdomsbøker. Dei skal dramatisere scener frå bøkene, kome fram til kva for kjensle dei ulike tekstutdraga illustrerer og føre dei rette kjenslene inn i eit skjema på jakt etter eit endeleg løysingsord. Finn du orda. Finn du kjenslene. Finn du jorda! er eit mantra som går igjen i Les for livet! Dersom dei ikkje klarer å kome fram til dei rette kjenslene og løysingsordet innan tretti minutt, vil romsonden bli sprengt i filler. Dei to i romsonden les for livet!

På reisa tilbake til jorda dukkar vi inn i scener frå mellom anna Eg er eg er eg er  av Ruth Lillegraven, thrilleren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland og Keeperen og havet  av Maria Parr. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis  i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Elevane får også erfare at dei to menneska stadig kjem nærare kvarandre, noko som til slutt  resulterer i venskap. Venskap er løysingsordet i skjemaet, og gjennom framsyninga får vi erfare kor viktig venskap er. 

Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil elevane få lyst til å lese vidare på eiga hand. Den prisbelønte forfattaren Lars Mæhle har skrive manuset til Les for livet, og Morten Joachim har hatt regien.


Lærerveiledning

Det er utvikla et digitalt undervisningsopplegg som skulane kan bruke til å arbeide vidare med bøkene frå framsyninga etter besøket.

Opplegget er utvikla i samarbeid med foreningen !Les. Sjå lenke til høgre.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Vest-Agder fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Nynorsk kultursentrum
  • Produsent: Nynorsk kultursentrum
  • Idé/opplegg: Nynorsk kultursentrum

Om kunstner / utøver / gruppe

 Om Nynorsk kultursentrum 

Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og eig og driv tre festivalar, Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet kvart år i juni og Ulvik poesifestival annakvart år i september og Litteraturdagane i Vinje. Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk og det einaste pålitelege digitale oppslagsverket på nynorsk. 

Nynorsk kultursentrum har stått bak 11 produksjonar for Den kulturelle skulesekken som har vore ute til meir enn 75 000 elevar sidan 2004.

Siri Beate Fossum er utdanna dramapedagog og musikalartist. Ho har jobba for Bærum teaterskole, spelt i mange musikalar og har jobba som teaterinstruktør i snart 10 år. For tida arbeider ho som lærar ved Tynset barneskole når ho ikkje er ute på turne med Les  for livet!. Ho er sjef for barnefestivalen Kalvstock, teaterskulen Sprell og er vokalist i bandet Soul of a Man.  

Hanne Mellingen er utdanna skodespelar og musikalartist frå Bårdar Akademiet. Sidan ho gjekk ut i 2013 har ho arbeidd frilans ved det frie scenekunstfeltet i Bergen. Ho sjonglerer mellom å vere skodespelar, songar, dansar, tekst- og manusforfattar, klovn og instruktør. Ho aha arbeidde med alt frå Ibsen til musikalar, sommarrevyar og barneteater. Ho har turnert i Den kulturelle skulesekken med Lurivar og det hemmelege skrinet.

Publikumskommentarer